
Cashback
Cashback er ein visuelt appellerande film. Ispedd nydelege frosne bilde og sakte kino, utsnitt som framhevar vakre detaljar og ikkje minst pene, kvinnelege former. Alt dette glir naturleg inn i den varme, romantiske komedie Sean Ellis har laga. Ingen er hasta, det blir heller ikkje prøvd for hardt. Balansen mellom mindre og meir brukte vendingar er god. Ikkje alt kjennest like ferskt, ingen kjennest direkte gammalt.
Eg vil ikkje rope ut at dette er eit meisterverk, men han ligg godt mellom hovudstraumsfilm og dei verkeleg sære filmane, i eit sjikt eg gjerne ønsker film i frå. Romantikken var ikkje spesielt tiltrekkande eller avskrekkande. Saman med den enkle humoren blei det ein god mikstur.
Filmen har ei forteljarstemme som set sit preg med god refleksjon og fornuftig tenking. Ho speiler filmen godt på at ingenting er svart-kvitt.
Forteljarstemma blir òg trekt fram av James Berardinelli på ReelViews (reelviews.net). Han meiner ho er smart og tilfører noko utover det me allereie ser i bilda. Det er ei god presisering av kvifor ho fungerer for meg. Filmen får eit reflekterande preg utan at dei vakre bilda berre blir illustrasjonar av det som blir sagt, og den lette humoren held det heile nede på jorda.
