James Bond-franchisen har nådd 21 filmar med Casino Royale, om en da ser bort i frå førre Casino Royale og Never Say Never Again. Av desse har eg sett ein her og ein der, og aldri vore så med på det at eg har måtte sett alle. For meg står James Bond som lett underhaldning med ein kjent karakter, enkelt og greit på to måtar altså.
For å hoppe til saka, med denne filmen blei eg faktisk engasjert. Det var akkurat passe bra med action og thriller, og dramadelen kjøper eg med tanke på kva han legg opp til. Filmen byr ikkje på dei største overraskingane, og heller ingen stor skurk med blikket retta mot å ta over verda. Mads Mikkelsen si skurkerolle er velbalansert og mykje lettare å godta enn det dei førre storskurkane har vore. At filmen ikkje har nokon vendingar er å lyge, han har også eit par småting som er vanskeleg å plassere med det same, og som kanskje kunne ha vore gjort annleis. Men det er berre snakk om flisespikkeri, Daniel Craig gir meir djupne til James Bond enn eg har sett nokon gjere tidlegare.
Casino Royale er blitt samanlikna med Batman Begins i konseptet om å starte på starten. Heilt på starten er ikkje dette, for James Bond går ikkje frå å vere ingenting til å bli James Bond, det er ei historie der som ikkje blir sett nærare på, og som strengt tatt ikkje vil vere nødvendig å fordjupe seg i heller. Ein del av det typiske ved James Bond blir forklart, og det er nok det James Bond treng i vår tid. Det er lettare å akseptere ein person som har ein grunn til å vere slik han er, enn å berre vere slik. Det blir kjekkare å følge denne personen og.
Eg føler eg ikkje helt fekk taket på filmen i denne oppsummeringa, så for å unngå meir tullball. Casino Royale er ein god film, uansett James Bond. Filmen er i passe lengde, velbalansert, har litt av alt. Eva Green er nydeleg. Daniel Craig er tøff. Til og med M er iet menneske. Q er fråverande, utan problem, elektroniske duppedingsar har aldri vore min ting med James Bond-filmane. Produktplasseringa er velplassert, litt tona ned samanlikna med før, med visse unntak. Det må vel bli godtatt.