Hopp til hovedinnhold
Plakat for Cassandra's Dream (2007)

Cassandra's Dream

Film
4

Med Cassandra's Dream har Woody Allen for tredje gong på rad tydd til London, i denne er også skodespelarensemblet fullstendig britisk. Colin Farrell og Ewan McGregor spelar brør i dette dramaet som også er ein krim og ein thriller. Ingen spor av komedie her.

Historia er av typen som involverer pengar, ei ulovleg gjerning og skuldkjensle. Det startar med kvardagstilvære og brørne si trong til å få meir å rutte med. Terry (Colin Farrell) likar gambling og whisky og er overraskande heldig på hundeløpsbana. Ian (Ewan McGregor) jobbar i restauranten til faren og likar å tenke tanken at han er velståande. Brørne har eit tett forhold og støttar kvarandre når det er nødvendig, og så kjem dagen då dei begge tar eit dårleg val for å skaffe meir pengar.

Woody Allen held ikkje pokerfjes her. Han serverer alt etter kvart, slik at filmen blir fri for store overraskingar. Spenning er det likevel, delvis takka vere effektiv musikkbruk og mykje takka vere godt skodespel. Spesielt Colin Farrell går godt inn i rolla si som den usikre broren, og bidrar med mykje av den psykologiske krafta til filmen.

Colin Farrell si uro er ikkje like overtydande for alle. På The Woody Allen Pages (woodyallenpages.com) blir skodespelet vurdert som stivt, og broren si vedvarande skuldkjensle som slitsam å følge. Der er eg meir positiv. Usikkerheita hans gir etter mi meining filmen psykologisk kraft, sjølv om historia viser korta tidleg. Me er likevel nærare kvarandre når det gjeld musikken, som også denne omtalen meiner skaper god spenning.

Cassandra's Dream går sin gang med ikkje altfor høgt tempo, det bevisste valet av sjanger og mørk undertone gjer at det skil seg frå andre Woody Allen-filmar, på ein frisk måte. Det er kanskje ingen meisterverk, dei høgaste toppane står urørt, men eg er i grunn ganske fornøgd og fekk akkurat det eg forventa etter to gode filmar frå han siste åra.