
Casse-Tête Chinois
Casse-tête chinois, eller Chinese Puzzle, er tredje kapittel i Spanish Apartment-trilogien til Cédric Klapisch. Dei to førre filmane er L'Auberge espagnole frå 2002 og Les Poupées russes frå 2005.
Xavier (Romain Duris) har sidan førre film fått to barn, men i augneblinken historia i filmen startar er livet hans igjen i ferd med å komplisere seg. Lang historie kort, han endar med å flytte til New York for å kunne vere med barna sine.
Filmen er eit drama med mykje drama, men passe smakfullt, frisk og energifullt til å fungere. I ei uunngåeleg samanlikning med sine forgjengarar er det ikkje fullt så intenst og engasjerande, men på eiga hand er det ein velfungerande og rik film. Rik på New York, rik på komplikasjonar, og med sin del av ei interessante tankane til Xavier om alt som skjer i form av ei forteljarstemme.
Eg har sansen for måten Casse-tête chinois, som Les Poupées russes, tar tida som har gått sidan førre kapittel til vurdering. Og ut frå dette nyttar sjansen til å lage ein film som vektar heilt nye problem, men tar vare på så mykje i form av historikk at det er lett å komme inn under huda. På denne måten er Spanish Apartment-trilogien komplett og ei opplagt anbefaling. Trass i at siste kapittel er ørlite mindre givande enn dei førre.
Skribenten på The Arts – JustMeMike’s New Blog (jmmnewaov2.wordpress.com) hadde ikkje sett dei to første filmane, men meiner denne fungerer godt åleine. Dei mange komplikasjonane blir samla med nok lettheit og humor til at historia er hyggeleg å følge. Det støttar inntrykket mitt av ein film som har eit eige liv. For meg gir i tillegg tida med desse menneska frå før ei nærleik som gjer gjensynet endå rikare.
