Hopp til hovedinnhold
Plakat for Cat Ballou (1965)

Cat Ballou

Film
2

Cat Ballou frå 1965, regissert av Elliot Silverstein, er ei blanding av komedie og western. Me møter Cat Ballou (Jane Fonda). Ho blir lovlaus etter at ein leigemordar drep faren hennar. Lee Marvin har ei dobbeltrolle som både skurken Tim Strawn (Lee Marvin) og den stadig fulle revolvermannen Kid Shelleen (Lee Marvin). Men med sin form for humor merkar eg at filmen rettar seg mot eit breitt publikum meir enn den westerninteresserte. Han vil nok treffe mange, men han traff ikkje heilt meg.

Nat King Cole og Stubby Kaye dukkar opp gjennom heile filmen, der dei fortel historia gjennom song. Det fungerer ein del gonger, men etter kvart blir det repetitivt. Sekvensar i rask kino er andre grep filmen bruker for å variere. Alt dette bidreg til ei litt ujamn oppleving.

Filmen er innom noko av og til. Nokon scener har gode poeng, andre ikkje. Det er nok av westernparodi og fysisk humor. Men ikkje etter min smak. Det går mellom å vere grei film og litt dårleg. Det er vanskeleg å sette fingeren på kvifor det ikkje held heilt. Eg trur det handlar om at filmen ikkje går langt nok der det gjeld.

Eg har sansen for historia i botn. Cat Ballou må ta saka i eigne hender når folk i ikkje støttar ho etter drapet på faren. Historia handlar om urett, men kunne fått litt meir plass.

Jane Fonda kunne òg ha fått eller teke meir plass, og blitt framstilt som endå tøffare. Ho gjer ein god innsats, men rollefiguren blir aldri så hardkokt som eg forventa når eg las om filmen på førehand. Lee Marvin dominerer i scenene han er med i. Dobbeltrolla hans er både morosam og imponerande. Då er det synd at filmtittelen er namnet til ein person som blir mindre synleg enn ho burde ha vore.

Eg er ikkje åleine om å ønske meir handling frå Cat sjølv. Jim McLennan på Girls With Guns (girlswithguns.org) meiner ho driv historia framover, men ofte overlèt sjølve actionen til mennene rundt seg. Han er meir begeistra for filmen og framhevar motet hennar, men ønsker seg òg ei meir handlekraftig heltinne. Der møtest vurderingane våre, sjølv om humoren treff oss ulikt.

Cat Ballou er ei grei nok oppleving, men kunne ha vore meir. Filmskaparen har ikkje bestemt seg ikkje for om filmen skal vere det eine eller andre, resultatet er middelmåtig.