Hopp til hovedinnhold
Plakat for Catch and Release (2006)

Catch and Release

Film
3

Livet til Gray, spelt av Jennifer Garner, vert snudd på hovudet då hennar trulova døyr like før bryllaupa deira. I tida som følger sørger ho, oppdagar nye ting ho ikkje visste om typen sin, og også nye sider ved seg sjølv som følge av det som skjer rundt ho.

Catch and Release siktar ikkje stort høgare enn å vere ein film med nokon enkle tema, og ei blanding gode karakterar. Ikkje ekstraordinære eller originale, men lett å like og stort sett sympatiske.

Filmen avgrensar seg sjølv, og handlar ikkje om for mykje. Det han handlar om gjer han bra, som er om kva som skjer mellom Gray og dei næraste venene til den avlidne trulova hennar. Dei sørger alle på visa sitt, utan at filmen er nokon tung sak av den grunn.

Blandinga av lettheit og sorg treng ikkje vere ei svakheit. Jonas på The Armchair Critic (thearmchaircritic.blogspot.com) likar at filmen handlar om å finne vegen vidare, og meiner vekslinga mellom komedie og drama speglar livet på ein god måte. Det er noko av det eg set pris på også. Filmen treng ikkje store nyvinningar når dei små endringane mellom karakterane fungerer, og dei får sørge utan at alt blir tungt.

Når ny informasjon om livet til den avlidne vert introdusert, skjer dei uføreseielege hendingane i livet til Gray som styrer filmen litt til side si for det eit vanleg liv i ein sorgperiode moglegvis ville ha bestått av. Eg skal ikkje røpe noko konkret, sidan det fort vil røpe heile filmen, som strengt tatt ikkje gjer dei meste drastiske nyvinningane.