Livet til Gray, spelt av Jennifer Garner, vert snudd på hovudet då hennar trulova døyr like før bryllaupa deira. I tida som følger sørgjer ho, oppdagar nye ting ho ikkje visste om typen sin, og også nye sider ved seg sjølv som følgje av det som skjer rundt ho.
Catch and Release siktar ikkje stort høgare enn å vera ein film med nokon enkle tema, og ei blanding gode karakterar. Ikkje ekstraordinære eller originale, men lett å like og stort sett sympatiske.
Filmen avgrensar seg sjølv, og handlar ikkje om for mykje. Det han handlar om gjer han bra, som er om kva som skjer mellom Gray og dei næraste venene til den avlidne trulova hennar. Dei sørgjer alle på visa sitt, utan at filmen er nokon tung sak av den grunn.
Når ny informasjon om livet til den avlidne vert introdusert, skjer dei uføreseielege hendingane i livet til Gray som styrer filmen litt til side si for det eit vanleg liv i ein sorgperiode moglegvis ville ha bestått av. Eg skal ikkje røpe noko konkret, sidan det fort vil røpe heile filmen, som strengt tatt ikkje gjer dei meste drastiske nyvinningane.