
Celebrity
Ein film med Winona Ryder går automatisk godt i hus hjå meg, iallfall hittil, dessutan gjer Kenneth Branagh seg veldig godt som Woody Allen-karakteren som i filmen er Lee Simon. Han er like forvirrande, usikker og nevrotisk som Woody Allen sjølv ville ha vore, samtidig som han er eit nytt ansikt i Woody Allen-samanheng.
Nydeleg filma i svart-kvitt og med eit lass, nei hav, av kjente ansikt i gode biroller blir dette akkurat nok kunstfilm som det blir ein hyllest til kjendisar. Sett som enkeltsekvensar er filmen interessant. Dei mange separate delane om to personar i kjendisverda etter ei skilsmisse gir eit litt oppstykka preg. Det blir likevel ikkje vanskeleg å henge med.
Som heilskap saknar eg noko meir. Filmen skildrar livet til celebre personar godt og byr på eit par stjerner frå The Sopranos. Eg skulle likevel ønske det var noko ekstra som løfta han til eit høgare nivå.
For Charles Taylor på Salon (salon.com) er dei mange kjende andleta heller ikkje nok. Han meiner fleire av skodespelarane får for lite å spele på, og at kjendismiljøet blir eit bakteppe for velkjende romantiske problem. Så streng er eg ikkje, for eg kosar meg med mykje av skodespelet og enkeltsekvensane. Men innvendinga hans peikar mot det eg saknar, noko som bind stjerneparaden saman og løftar filmen som heilskap.
