Celebrity - Filmdagbok

Celebrity 1998

Ein film med Winona Ryder går automatisk godt i hus hjå meg, iallfall hittil, dessutan gjer Kenneth Branagh seg veldig godt som Woody Allen-karakteren som i filmen er Lee Simon. Han er like forvirrande, usikker og nevrotisk som Woody Allen sjølv ville ha vore, samtidig som han er eit nytt ansikt i Woody Allen-samanheng.

Nydeleg filma i svart-kvitt og med eit lass, nei hav, av kjente ansikt i gode biroller blir dette akkurat nok kunstfilm som det blir ein hyllest til kjendisar. Sett som ei rekke enkeltsekvensar er denne filmen interessant, måten han grip tak i livet til to personar i kjendisverda etter ei skilsmisse i form av mange separate deler gir eit litt oppstykka preg, utan at det blir vanskeleg å henge med på nokon måte.

Når det kjem til heilskapen saknar eg altså noko meir, forutan å handle om livet til celebre personar på ein god måte og glede med eit par stjerner frå The Sopranos skulle eg ønske det var eit eller anna ekstra som tok filmen opp på eit høgare nivå.