Centurion - Filmdagbok

Centurion 2010

Regissør Neil Marhsall har skifta beite frå framtid i Doomsday og notid i The Descent til fortid og romartid i Centurion. Midtpunktet for handlinga er den mystiske forsvinninga til den niande legionen.

Med kjennskap til dei tidlegare filmane til Neil Marhsall, og Doomsday fersk i minnet, forventa eg rå og blodig action. Og utan å gå rundt grauten, så kan det slåast fast at desse forventningane innfrir.

Bygd opp rundt kampar mellom romarar og det britiske folkeslaget piktarane, og med ei følgjande flukt, er dette ei dyster historie som ikkje kastar vekk tida på altfor mange romantiske pausar. Er du ute etter korrekt historieforteljing kan du lett gå vidare, Centurion si målgruppe er først og fremst dei som ser fram til kreative drap og nedslaktingar, litervis med mørkt blod og få pustepausar. Samtidig er den raude tråden god nok til at heilskapen ikkje berre er ein haug med dyre effektar.

Dette fenga iallfall meg.