
Chariots of Fire
Chariots of Fire handlar om løping, OL, og har ein opningsmelodi som er mykje brukt i ettertida.
Eg blei aldri bergtatt av verken dramatikken eller historia i denne filmen, og synest på sitt beste at filmen fortel greit om vegen framover mot ein konkurranse for to løparar. Dei to sentrale karakterane har tilsynelatande to ulike grunnlag for motivasjon, men lar seg nok også motivere av konkurransen frå den andre.
Det er mangelen på reell motstand undervegs som gjer at dette stort sett blir ei plankekøyring av ein film, og det som skal vere høgdepunktet i filmen er nesten over før det har begynt.
Roger Ebert på RogerEbert.com (rogerebert.com) legg større vekt på dei enkelte augneblinkane enn på konkurransespenninga. Han meiner ansikta, musikken og kjensla av sjølve løpinga skaper ei sterk oppleving, utan at kvar scene treng å vere ein kamp om siger. Det er ein interessant måte å sjå filmen på. Eg finn også kvalitetar i desse stundene, men dei veg ikkje heilt opp for den dramatikken eg saknar mellom dei.
Kritikk til sides, så har filmen sine gode sider også. Som interessante karakterar med eit heilt anna syn på helse enn eg trur utøvarar i dag har. Varierte treningsmiljø og originale treningsstunder.
Totalt sett er filmen på vippen, men eg er stort sett positivt innstilt til filmar, og eg likar filmar, så eg lar dette komme til gode. For har filmen positive sider, så er det aldri bortkasta tid.
