Ein grei familiefilm rett nok, men det er ikkje lagt nok pengar eller arbeid inn i animasjonen her til at eg føler eventyrverd (les: fabrikken) klarar å dra meg inn i fantasien.
Johnny Depp spelar som oftast godt, men Freddie Highmore som vesle Charlie er meir imponerande. Så ung, men likevel så truverdig. Alt i alt ein film du bør ha sett frå 2005, men ikkje topp ti-materiale hjå meg.