Charlie Wilson's War - Filmdagbok

Charlie Wilson's War 2007

I Charlie Wilson's War følger me kongressmannen Charles Wilson frå Texas frå den behagelege rolla som ja-stemmar i nasjonalpolitikken til engasjert kommunistforkjempar via indirekte krig ved å gi midlar til afghanske fredsforkjemparar som ligg i strid med Sovjetunionen.

Tom Hanks spelar Charlie i historia som er basert på ei bok som er basert på ei sann historie, Charlie er ein karismatisk og godt likt politikar, som igjen er glad i livet, alkohol og kvinner. Det ømme punktet for sistnemnte gjer at han blir overtala av høgreflankekvinna Joanna Herring til å aktivt auke støtta til dekkoperasjonar som støttar afghanarane mot Sovjetunionen.

Charlie Wilson's War er ein svært politisk film som sikkert er gjort langt lettare enn den faktiske historia, men framleis har nok budsjettsnakk, snakk om politiske og religiøse ringverknader og lobbysnakk til å skremme kvar og ein med sansen for ein enkel film om ein karismatisk person. Personleg er eg mest overraska over at det aldri blei kjedeleg trass i at det tok si tid før eg får grep på det som knyter filmen i lag, her er mange viktige personar og fleire sidehistorier blanda inn, så det er nok å holde styr på. Utan å vite det på førehand ante eg eit Aaron Sorkin-preg over dette, mannen som laga The West Wing, og ved å finne ut at Aaron Sorkin har vore med på manuset i ettertid nikka eg anerkjennande til det.

Gradvis bygg filmen seg opp til å bli meir enn ei historie om ein mann med makt som får for seg å gjere noko fordi han kan, når filmen igjen når tilbake til utgangspunktet, opningsscena der Charlie Wilson blir utdelt ein ærespris, er det mange tankar eg sit igjen med, då filmen dreia seg om ein ting, men samtidig får fram at det alltid vil vere andre sider ved politikken som umogleg kan nåast alle på ein gong.

Charlie Wilson's War er ingen høgdepunkt på filmlista mi, men viser seg å vere ein sterk politisk film med ein bodskap eller fleire, og den gir ein del å tenke på. Tom Hanks, Philip Seymour Hoffman, Julia Roberts, det er ingenting å utsette på desse. Om eg skulle finne eit problem er det at filmen kunne ha vore meir fokusert og kanskje gjort det litt enklare for å nå ei større målgruppe med bodskapen sin. På ei anna side kunne filmen fort blitt ein heilt annan og ikkje nemneverdig i heile tatt om dette hadde skjedd.

Eg konkluderer med at dette var bra nok, berre ikkje helt min kopp med te.