Hopp til hovedinnhold
Plakat for Cheaper by the Dozen 2 (2005)

Cheaper by the Dozen 2

Film
2

Dette er ikkje typen film eg står i kø for å sjå. Men sidan eg har sett Cheaper by the Dozen, har eg sett for meg å fullføre serien på heile to filmar.

Eg har framleis ikkje særleg mykje sansen for Steve Martin som skodespelar, ei greie eg eigentleg ikkje kan forklare. Men Eugene Levy er alltid artig å sjå igjen, etter å ha sett han i American Pie-filmane, likevel om han slettes ikkje imponerer i denne filmen.

Trass i den labre ratingen, skal eg ærleg innrømme at eg fekk eit meir positivt blikk på denne filmen enn Fun with Dick and Jane, noko som sikkert nok har med forventningane å gjere. Her forventa eg ingen andre ting enn ein middels familiefilm, mens i Fun with Dick and Jane så hadde filmtraileren og fokuset på Jim Carrey i hovudrolla lagt opp til noko heilt anna. Eg går faktisk nesten god for denne filmen.

Ryan Cullen på Reel Opinions (keiichisreelopinions.blogspot.com) finn også meir å hente enn venta, særleg når filmen lèt to av barna få vere forelska framfor berre å lage kaos. Han meiner desse augneblikka gir litt hjarte, sjølv om dei ikkje reddar heilskapen. Eg kan lettare godta eit middels resultat her. Med så låge forventningar treng ikkje filmen gjere mykje nytt for at enkelte innslag skal gi ei meir positiv oppleving enn venta.

Så ikkje døm meg.