Cheaper by the Dozen 2 - Filmdagbok

Cheaper by the Dozen 2 2005

Dette er ikkje akkurat den type film eg står i kø for å sjå, men det har seg at sidan eg såg Cheaper by the Dozen, så har eg ein tanke sett for meg å fullføre serien på heile to filmar.

Eg har framleis ikkje særleg mykje sansen for Steve Martin som skodespelar, ei greie eg eigentleg ikkje kan forklare. Men Eugene Levy er alltid artig å sjå igjen, etter å ha sett han i American Pie-filmane, likevel om han slettes ikkje imponerer i denne filmen.

Trass i den labre ratingen, skal eg ærleg innrømme at eg fekk eit meir positivt blikk på denne filmen enn Fun with Dick and Jane, noko som sikkert nok har med forventningane å gjere. Her forventa eg ingen andre ting enn ein middels familiefilm, mens i Fun with Dick and Jane så hadde filmtraileren og fokuset på Jim Carrey i hovudrolla lagt opp til noko helt anna. Eg går faktisk nesten god for denne filmen.

Så ikkje døm meg.