Hopp til hovedinnhold
Plakat for Cheetah (1989)

Cheetah

Film
3

Cheetah er ein Disney-film som blei valt fort og tilfeldig ein kveld. Det handlar om ein amerikansk familie som dreg til Afrika, og endar opp med å adoptere ein gepard. Det blir ei utfordring, både fordi familien berre er midlertidig i nokre månader der. Og fordi andre har lyst å stele geparden. Dette er ein uskyldig og enkel familie- og dyrefilm som fint kan brukast til å slå ihel tida med.

Skribenten på My Live Action Disney Project (myliveactiondisneyproject.com) er mykje meir begeistra, særleg for det varme forholdet mellom søskena og landskapet rundt dei. Historia blir skildra som enkel, men full av sjarm. Eg legg mindre i filmen, men skjønar at nettopp denne ukompliserte blandinga av familie, dyr og eventyr kan gjere han til ei hyggeleg oppleving.