Hopp til hovedinnhold
Plakat for Chef (2014)

Chef

Film
4

Mat på film er sjeldan feil, og Chef er ingen unntak.

Jon Favreau spelar hovudrolla i ein film han også har skrive manus til og regissert. Det handlar om ein dyktig kokk som får nok av restaurantyrket og bestemmer seg for å kjøpe ein bil og starte sitt eige kjøkken frå den. Der han skal bruke tida sin på enklare mat.

Det handlar også om å reparere forholdet til familien sin. Kokken har levd eit travelt liv, og har ikkje prioritert verken kona si eller sonen sin.

Chef er ein film som gir skikkeleg god kjensle, som inspirerer både i form av gründertiltaket til kokken og med nydelege bilde av tilsynelatande herleg mat. Dette er ein typisk film som gir deg lyst til å lage mat.

På The Critical Geek (thecriticalgeek.wordpress.com) blir maten sett som inngangen til ei historie om å finne att både skaparglede og nærleik til familien. Skribenten meiner enkelte hindringar blir litt vel enkle, men finn mykje å glede seg over i forholdet mellom far og son. Det er denne blandinga som gjer filmen så god for meg. Eg blir svolten av bileta og får samstundes lyst til å sjå kokken lykkast med meir enn maten.

Utover den forenkla formidlinga av historia til filmen og inspirasjon har eg ikkje lyst til å seie for mykje om Chef. Dette er ei soleklar anbefaling, og blant dei få grunnane til å ikkje å like dette kan eg berre komme opp med det at du ikkje likar mat eller lykkelege historier.