Cherry - Filmdagbok

Cherry 2010

I Cherry blir me med Aaron (Kyle Gallner) i det han byrjar på college. Aaron er skuleflink og elles smart, og har blitt geleida inn på tekniske fag av sine foreldre, mens han eigentleg likar best å teikne.

På college møter han nok av utfordringar. Han er jomfru, romkameraten er ein forstyrrande pøbel, og han mistar etter kvart merksemda til å gjennomføre dei tekniske faga. Redninga kjem i form av den godt vaksne medstudenten Linda (Laura Allen), og etter kvart hennar dotter Beth (Britt Robertson), som blir nesten som ein familie for Aaron, sjølv om interessene for Linda er andre enn det.

Ting utviklar seg, og ikkje berre i positiv retning.

Cherry er ein godt gjennomført liten sak, som emnar til å skape ein interessant karakter ut av Aaron. I fare for å plassere filmen, så er det litt av The Graduate og litt av Lolita, men meir innanfor grensene. På andre område balanserer Cherry på kanten, og tar episodane langt nok til å skape gode augneblinkar som løftar filmen til god.