Chicken Little blei første film ut, mest fordi eg var smått skeptisk til i kva grad han faktisk kunne underhalda godt nok. Disney sin første eigne animasjonsproduksjon er ei historie basert på ei eldre forteljing om ein kylling som trur himmelen dett i hovudet på han. I filmen skapar han panikk i byen ved å ringe alarmklokkene, men blir fort hengt ut då det einaste logiske kan vere at det var ein nøtt som traff han.
Eit år seinare skjer det same igjen, og det som kunne ha vore ei koseleg historie blir gjort om til ein invasjon av romvesen. Chicken Little er ikkje noko nytt, og klarar seg mest på grunn av nokon artige referansar her og der, eit dansenummer med Wannabe av Spice Girls og kule romvesen. Men sidan dette er Disney så ligg det jo ein moral i filmen, som i historia, og oppbygginga til denne er gjennomsyra i heile filmen på ein lite kjekk måte for eit vakse publikum. Det blir ei middels filmoppleving alt i alt.