Hopp til hovedinnhold
Plakat for Children of Men (2006)

Children of Men

Film
5

Året er 2027, og menneskja har stoppa å produsere barn. Årsaka er ikkje kjent, men det er 18 år sidan førre barn blei fødd. Så dukkar håpet opp i form av den gravide flyktningen Kee (Clare-Hope Ashitey). Hovudrolleinnehavar Clive Owen, her kjent som Theo, blir reisefølge og vernar overfor den gravide.

Det er ei brutal framtid som blir skildra, der det reine engelske samfunnet blir dyrka, og alle innvandrarar blir drive vekk igjen av massive politistyrkar. For dei som har spelt Half Life er det den same stemninga å finne her, der eit skite og forfallande bybilde møter oss med ein gong me rører oss utanfor den reine delen av London. Servert til oss på ein måte som gjer eit sterkt inntrykk.

Eg kan med handa på hjartet seie at dette var ein film som gjekk inn på meg. Den gravide kvinna er eit av dei viktigaste objekta for å redde verda eg har sett på film. Ho er levande og kanskje svaret på om livet kan halde fram. Children of Men klarar å halde spenningskurva oppe heile vegen utan å bli slitsam, han overraskar stadig vekk. Og filmen brukar ikkje minst filmmusikk på ein sterk måte, nokon vil nok finne det litt overdrive, men eg set stor pris på det.

Musikken fortener meir enn å bli rekna som forsterking av dramatikken. Mike White på Impossible Funky Productions (impossiblefunky.blogspot.com) meiner at songvala fortel ei eiga historie ved sida av handlinga, med spor frå ulike periodar i britisk musikk. Han trekker òg fram dei lange, nervepirrande opptaka. Det passar godt med kor sterkt filmen trefte meg. Både lyd og bilde er med på å halde spenninga levande.