
Chinatown
Chinatown er ein neo noir, ein i 1974 moderne film noir. Jack Nicholson spelar etterforskaren J.J. Gittes som skal avsløre utruskap, men blandar seg inn i eit nett av svik og mord.
Chinatown er ein ganske bra neo noir, med mange gode og interessante skodespelarar på laget. Gode fordi dei er truverdige i desse omstende. Interessante fordi dei er kjente og kjære, blant anna Jack Nicholson, tidleg i si karriere.
Jack Nicholson blir trekt fram av Daniel Mumby på Three Men on a Blog (threemenonablog.blogspot.com), som legg vekt på meir enn den kyniske framtoninga. Han meiner etterforskaren òg har tolmod, arbeider grundig og viser eit moralsk alvor etter kvart. Det gir litt meir innhald til truverdet eg likar. Ei slik rolle treng ikkje berre sjå rett ut i eit mørkt mysterium. Det hjelper at me opplever ein person som faktisk prøver å forstå kva han har hamna i.
Musikken i filmen er fin og med på å føye spenning til historia, som blir enda meir utprega.
Det er fleire grunnar til å sjå Chinatown, men at filmen er god er grunn nok.
