Chinatown er ein neo noir, ein i 1974 moderne film noir. Jack Nicholson spelar etterforskaren J.J. Gittes som skal avsløre utruskap, men blandar seg inn i eit nett av svik og mord.
Chinatown er ein ganske bra neo noir, med mange gode og interessante skodespelarar på laget. Gode fordi dei er truverdige i desse omstende. Interessante fordi dei er kjente og kjære, blant anna Jack Nicholson, tidleg i si karriere.
Musikken i filmen er fin og med på å føye spenning til historia, som blir enda meir utprega.
Det er fleire grunnar til å sjå Chinatown, men at filmen er god er grunn nok.