
Christiane F. - Wir Kinder vom Bahnhof Zoo
I mange år har tenkt på at Christiane F. - Wir Kinder vom Bahnhof Zoo er ein film eg skulle ha sett. Men med så tung tematikk og ei dyster historie som utspelar seg, så har eg aldri funne det rette tidspunktet.
No kom eg endeleg dit at eg fekk sett han. Og det tok meg tre dagar å gjere det. Filmen er omtrent akkurat så dyster som eg såg for meg, berre endå meir grafisk. For å oppsummere handlinga i korte trekk, så handlar dette om Christiane. Ho er ei tysk jente på rundt 13–14 år som kjedar seg, og blir tiltrukke utelivet i Berlin. Ho hamnar fort i kontakt med andre ungdommar som tek stoff, og prøver sjølv. Deretter går dette berre gradvis nedover til filmen er ferdig.
Det er ein sterk og passe realistisk film som er godt laga. Grumsete og litt røff i kantane, men det gjer berre endå meir inntrykk.
Kor varig inntrykket kan vere, kjem godt fram på Rose-Maries litteratur- og filmblogg (rosemariechr.com). Rose-Marie Christiansen hugsar framleis scener frå filmen og meiner han fjernar romantiske førestillingar om rusmiljøet. Ho rosar òg Natja Brunckhorst for autentisiteten. Det understrekar kvifor eg kan respektere filmen utan å like opplevinga av å sjå han.
Eg ville sjå filmen fordi eg har vore nysgjerrig på han, ikkje fordi eg nødvendigvis er så interessert i tematikken eller formatet. Difor blir ikkje dette ein film eg likar. Men eg vil gi han kudos for å vere god på den han vil vere.
