Christmas Crush - Filmdagbok

Christmas Crush 2012

Det handlar om å komme tilbake til heimstaden etter fleire år med fråvær. Om å hamna i lag med gamle kjente du ikkje har sett på fleire år, og bli plassert i rolla du ein gong hadde.

Men mykje har skjedd siden Georgia Hunt (Rachel Boston) gjekk ut av high school. Berre ikkje nok til at ho er den suksessfulle personen ho blei spådd til å bli. Ho er dessutan framleis forelska, til ei viss grad, i typen ho likte den gongen. Mens hennar beste mannlege venn frå den gongen framleis likar henne. Eit klassisk drama om å lengte, men ikkje få.

Det er ikkje stort meir ved denne tv-filmen. Det handlar om ei gjenforeining rundt juletider, og om gamle forelskingar.