
Christmas Cupid
I denne moderne nytolkinga av A Christmas Carol av Charles Dickens møter me ei ung og suksessrik kvinne. Ikkje noko feil med det. Ho har derimot ikkje den beste dømmekrafta, og dette går ut over tilhøvet hennar til folk.
Då ein klient døyr og spøkelset byrjar å forfølge ho, vert ho snart drege inn i den typiske fortida, notid og framtidsgreia frå A Christmas Carol. For å få betre sjølvinnsikt og moglegvis kunne redde seg sjølv frå å miste vener.
A Christmas Carol er ein av dei julehistoriene eg er mest lei av, og som eg hadde sett ned foten for å sjå fleire variantar av. Eg gjekk i gang med Christmas Cupid utan å vite at det var laust basert på denne historia. Heldigvis gjer Christmas Cupid si eiga greie ut av det til den graden at eg overser koplinga.
No er ikkje Christmas Cupid den beste julefilmen akkurat, men ein nesten heilt grei og midt på treet tv-film. Det er ikkje ein snev av originalitet her, men ut frå retninga som vert teke, så er det overkommeleg.
På Raked (raked.wordpress.com) er nettopp koplinga til A Christmas Carol eit hovudproblem. Skribenten meiner filmen ikkje viser tydeleg nok kvifor Sloane treng å endre seg, og at forandringa difor ikkje får særleg kraft. Eg klarer lettare å ta dette som ei enkel romantisk historie. Likevel er det eit godt poeng at eit opplegg om sjølvinnsikt må gi oss noko meir enn ei beskjed om at hovudpersonen har lært.
