I denne moderne nytolkinga av A Christmas Carol av Charles Dickens møter me ei ung og suksessrik kvinne. Ikkje noko feil med det. Ho har derimot ikkje den beste dømmekrafta, og dette går ut over tilhøvet hennar til folk.
Då ein klient døyr og spøkelset byrjar å forfølgja ho, vert ho snart drege inn i den typiske fortida, notid og framtidsgreia frå A Christmas Carol. For å få betre sjølvinnsikt og moglegvis kunne redda seg sjølv frå å mista vener.
A Christmas Carol er ein av dei julehistoriene eg er mest lei av, og som eg hadde sett ned foten for å sjå fleire variantar av. Eg gjekk i gang med Christmas Cupid utan å vita at det var laust basert på denne historia. Heldigvis gjer Christmas Cupid si eiga greie ut av det til den graden at eg overser koplinga.
No er ikkje Christmas Cupid den beste julefilmen akkurat, men ein nesten heilt grei og midt på treet tv-film. Det er ikkje ein snev av originalitet her, men ut frå retninga som vert teke, så er det overkommeleg.