Christmas in Connecticut er ein romantisk komedie frå 1945. Med Barbara Stanwyck, Dennis Morgan og Sydney Greenstreet i hovudrollene. Handlinga går føre seg på garden til ein rik mann rundt juletider.
Christmas in Connecticut er ein screwball-komedie. I screwball er rask og vittig humor, farse, eskapistiske tema og ekteskapssnakk kjenneteikn. Ofte er det mange personar som går ut og inn av dører og løyndommar som krev raske forklaringar for å bli dekka over.
Elizabeth Lane (fantastiske Barbara Stanwyck) inviterer sjefen sin (Sydney Greenstreet) og ein krigshelt (Dennis Morgan) på julebesøk. Miss Lane lyg på seg kokkekunstar og familieliv i ei mat- og husmorsspalte. Bråket startar da ho blir nøydd til å invitere sjefen og krigshelten på julemiddag. Garden, mannen og barnet ho har skrive om er oppdikta. For ikkje å snakke om at ho ikkje kan lage mat. Miss Lane må krype til korset og be om at friaren (Reginald Gardiner) sin gard blir samlingsstaden. Stova på garden blir hovudarenaen for ut og inn dører-komedien.
Barbara Stanwyck gnistrar på skjermen og leverer ei rolle full av energi. Orda flyg fram og tilbake. Dei største latterkulene er sjeldne, men det er jamnt over ein morosam film der humringa sit laust. Julestemninga er på plass. Kulissene er flott kvit snø, ein varm peis og god mat på borda. Romantikken i lufta hever temperaturen.
Christmas in Connecticut er ein triveleg film og min type julefilm. Det einaste eg saknar er nokon fengjande julesongnummer. Men songnummer er ikkje filmen sitt ansvar. At eg leitar er fordi alt det andre er på plass.