Christmas Land - Filmdagbok

Christmas Land 2015

Julefilmen Christmas Land frå Hallmark er som han er. Ein måte å sei at han verken er spesielt god på, men heller ikkje var ein film eg forventa at skulle vere spesielt god.

Eg har ei interesse for julefilmar. Og spesielt dei litt mindre sakene som er laga for tv eller strøymetenester. Men også for dyrare produksjonar som er laga for lansering på kino. Årsaka til at eg gjerne ser ein julefilm frå Hallmark, er at han er underholdande. I blant er dei gode og byr på godt skodespel og julestemning. Andre gonger feilar det, men er framleis like rikt på klisjear og gjennomsiktig at produksjonen har hatt avgrensa økonomi.

I 2019 lanserer Hallmark 40 julefilmar, så det er klart at produksjonane må vere både effektive og økonomiske.

Christmas Land handlar om ei dame som jobbar med marknadsføring i New York. Ho likar byen og kunne ikkje tenke seg å bu ein annan stad. Så arvar ho ein liten landsby med juletema langt unna byen. Dit drar ho for å selje staden vidare, men endar opp med å bli glad i menneska og plassen.

Eg kan krysse av i dei fleste boksane på lista over julerelaterte ingredienser som går an å ta med i ein film. Men eg kjem diverre ikkje i julestemning. Det eg får oppleve er meir julepynt enn eg har sett nokon gong før. Og elles ei enkel kjærleikshistorie, falsk snø, og eit manus som veit å ikkje overvurdere publiummet sitt.

Eg kan ikkje med handa på hjarte anbefale Christmas Land, men anbefalar heller å finne ein annan julefilm.