Christmas Wedding Planner - Filmdagbok

Christmas Wedding Planner 2020

Ei ung kvinne planlegg kusina sitt bryllaup, og alt går sånn nokolunde bra inntil kusina sin ekskjæraste dukkar opp. Han påstår til bryllaupsplanleggaren at han skal øydelegge bryllaupet først, men avslører fort at han eigentleg er ein privatetterforskar som ein hemmeleg part har hyra inn til å etterforske brudgommen.

Det oppstår ei viss spenning mellom bryllaupsplanleggaren og etterforskaren, slik det ofte gjer i romantiske komediar. Og vegen vidare er brulagt med føreseielege episodar og forventa utfall.

Christmas Wedding Planner er etter historia å dømme ein heilt grei romantisk komedie. Det som ikkje fungerer så godt med filmen er i møte mellom skodespelarane og oss som ser på. For i skodespelet manglar både god samhandling og formidling av kjensler, reaksjonar og personlegheit for publikum å fange opp. Filmen blir overflatisk på grunn av dette, med pene og pyntelege folk som det ikkje er lett å få tak på.

Totalopplevinga blir difor ei lett gløymt ei. Grei og ikkje kjedeleg undervegs, men filmen byr ikkje på noko djupare involvering undervegs eller til ettertanke.