Christmas with Holly - Filmdagbok

Christmas with Holly 2012

Christmas with Holly er eit familiedrama som kom ut i 2012. Denne Hallmark-filmen er regissert av Allan Arkush.

Filmen blei valt ut som både Hallmark- og julefilm, i samband med at eg ser ein del julefilmar før julaftan. Eg hadde noko høgare forventingar enn til mange av dei andre julefilmane eg har sett i år. Grunnen til dette var at denne ikkje hadde eit glattpolert ytre, først og fremst med tanke på plakat. Og at handlingsreferatet også lova noko meir enn ei overflatisk historie.

Filmen handlar om ein ung mann som har tatt over ansvaret for sin dottera til si avlidne søster. Den unge jenta har ikkje sagt noko på dei tre månadane sidan mora døydde, og dette byrjar å bli problematisk. Løysinga er at den unge mannen treng hjelp, og tar med seg jenta frå Seattle kor ho har vakse opp, til den vesle bygda kor han har vakse opp.

Christmas with Holly framstår som hakket meir velprodusert enn mange av typiske julefilmane dei siste par åra frå Hallmark. Eigentleg er det ikkje noko særleg som skil dette i frå eit drama som like gjerne kunne gått på kino.

Allan Arkush har gjort ein god jobb her. Han har lykkast i å hente ut evnene til fleire av skodespelarane, og har også gjort ein god jobb i å regissere ho som spelar den unge jenta. Det å jobbe med barn på film må krevje ein del ekstra. Allan Arkush har jobba mykje som regissør for seriar, i tillegg til å ha produsert ein del. Blant anna har han produsert Heroes. Her viser han at han kan legge serieformatet til side og verkeleg hente ut noko frå karakterane i løpet av ein film.

Dei sentrale rollene i filmen blir spelt av Sean Faris, Eloise Mumford og Josie Gallina. Eg har ingenting å utsette på nokon av dei. Det er god kjemi mellom dei to første, og sistnemnde spelar også godt. Då eg så at Sean Faris var med, blei eg først noko skeptisk, då eg berre har sett han i enklare roller hittil. Men dette kom eg fort over. Eit punkt som gjerne feilar i dei mest forhasta Hallmark-filmane er birollene. Denne filmen gir ikkje inntrykk av å vere forhasta, og har også gode biroller. Alle bidrar til at den kjensleladde forteljinga blir opplevd som dramatisk.

Lisa Kleypas står bak boka Christmas Eve at Friday Harbor som filmen baserer seg på. No har eg verken høyrt om Lisa Kleypas eller lest boka, men kan skrive under på at filmen ikkje blir opplevd som ein ord for ord-adapsjon. Den type adapsjon blir kjenneteikna av at nokon scener er med fordi dei fungerer godt i ei bok, men fortel minimalt på skjermen.

Christmas with Holly er ingen avansert film. Han er ganske så rett fram. Produksjonen er ikkje for ambisiøs, men mykje er filma på location, og omgivnadene verkar difor ekte. Dette gir eit godt preg og set tonen for filmen.

Eg blei positivt overraska, sjølv om forventingane var noko høgare enn vanleg. Likar du koselege drama, så kan eg anbefale denne.