
Cidade de Deus
Cidade de Deus, eller City of God, er ein brasilsk film der handlinga er lagt til slummen i landet. Me følger to brør over fleire år, mens liva deira utviklar seg i ulike retningar.
Det er ei verd full av kriminalitet, narkotika og desperasjon, men også ei verd med håp for ei betre framtid. Me lærer om deira involvering i gjengar, forhold til kvinner, og deira generelle hobbyar. Ein av dei største hobbyane til ein av dei er fotografering, og det kan vere med å forme framtida.
Filmen varer i over to timer og blei regissert av Fernando Meirelles og Kátia Lund, og er nok blant dei mest kjente filmane frå Brasil gjennom tidene.
Eg ser ikkje det store med filmen som nok har bidratt til at mange i lag har stemt denne opp til å ligge i det øvre sjiktet av IMDb Top 250. Men det er heller ingen dårleg film.
Det er nokon få verkeleg gode stunder, mens resten er gode. I blant drar det litt ut og er kjedeleg. Eit punkt eg sjeldan er nådig på. Så ein litt kortare film hadde gjort seg.
Matt Hurt på The Obsessive Viewer (obsessiveviewer.com) meiner dei mange småhistoriene gir filmen djupn, og at forteljarstemma bind dei saman så godt at det blir vanskeleg å sjå vekk. Han finn òg ein sjarm i oppvekstskildringa som veg opp mot brutaliteten. Eg er meir ujamnt engasjert. Det som gir han ein rik heilskap, blir stundom for langt for meg. Eg ser framleis ein stort sett god film, men ikkje den jamne krafta omtalen skildrar.
Som ei heilskapleg sak er nok denne ei grei sak å sjå. Stort sett ein god film er det.
