Hopp til hovedinnhold
Plakat for Citizen Ruth (1996)

Citizen Ruth

Film
4

Også Alexander Payne har utvikla seg til å bli ein høgt sett på regissør i mi vesle filmverd. Citizen Ruth lever opp til forventingane av ein Alexander Payne-film og Laura Dern er ikkje mindre enn fantastisk i rolla som Ruth, ein narkoman gjengangar i det lokale fengselet som blir gravid og hamnar midt oppi kampen for og mot abort. Ho gir fullstendig faen i det som skjer rundt henne, så lenge ho får ha det gøy, får pengar i hendene og ein god rus. Det passar vanvittig godt midt i ein debatt av denne storleiken.

Filmen er god på å ikkje dømme for eller mot og innfridde stort sett heile vegen, det blir litt i lengste laget, men er elles bra.

Ruth si eiga røyst kjem lett bort mellom dei stridande gruppene, meiner omtalen på Ellen’s Opinion (ellensopinion21.blogspot.com). Bloggen les filmen tydelegare som eit forsvar for retten til å velje enn eg formulerer det, men rosar også Laura Dern og kritikken av folk som er meir opptekne av å vinne enn å lytte. Det siste treff godt. Ruth passar dårleg som symbol for andre sine ideal, og nettopp det gjer henne så vellukka i denne komedien.