Clarkson: Heaven and Hell - Filmdagbok

Clarkson: Heaven and Hell 2005

Eg var usikker på om eg skulle kategorisere denne under ein film- eller tv-kategori. Fordi han er verken det ene eller andre. Det er i grunn ein DVD med bilar, og meir som ein dokumentar enn ein dokumentarfilm. Og heller ikkje ein tv-dokumentar, fordi han ikkje har gått på tv.

Men det eg er sikker på er at Jeremy Clarkson er både ein god sjåfør og programleiar. Viss han vil kan han få deg til å like ein bil, og likar han ikkje ein bil er han veldig flink til å sette ein stoppar for andre som likar han. Eg var i grunn aldri interessert i bilar før eg såg Top Gear for nokon år sidan.

Dette er ein rett på video-tittel som er verdt å sjekke ut om du er interessert i bilar, og ikkje minst sportsbilar.