
Clash of the Titans
Harry Hamlin er Perseus, den første helten i gresk mytologi. Ray Harryhausen har laga spesialeffektane. Filmen er litt røff i kantane, men har sin definitive sjarm på grunn av dette. Musikken bidrar til å gi dette meir preg av ein storfilm enn ein B-film, men eg er usikker.
Ser du under overflata har altså denne mykje å spele på, det er litt som i Odysseen, mange monster og mykje motstand undervegs. Filmen er spennande her og der, men det når likevel aldri heilt opp når det blir for enkelt andre stader. Men fans av Ray Harryhausen har mykje å hente.
Effektane er ikkje heile forklaringa på sjarmen, meiner Robin Franson Pruter på Pop Culture Reverie (popculturereverie.wordpress.com). Ho finn ein styrke i balansen mellom eventyr og oppvising, med tydelege motiv og interessante personar rundt Perseus. Det er eit meir positivt syn på historia enn mitt. Eg blir lettare sittande med dei enkle partia, men ser poenget i at monstera fungerer betre når noko anna enn neste effekt driv reisa.
