Clerks - Filmdagbok

Clerks 1994

Eit gjensyn med debutfilmen til Kevin Smith frå første halvdel av 1990-talet, denne gongen frå ei jubileumsutgåve: 10th Anniversary Edition.

Opphavleg tenkte eg å sjå den første versjonen til Kevin Smith, men det vart kinoversjonen fordi eg ville ha teksting. Likevel om eg har sett filmen to gonger før, så har eg aldri fått sett han med tekst, noko som har ført til at eg har gått glipp av deler av dialogen.

Det er ikkje så mykje nytt å sei om Clerks, det er ein film dei fleste har sett eller høyrt om, og handlar som tittelen seier om butikkekspeditørar. To stykk, Dante og Randal, som ikkje har komme seg framover i livet etter high school.

Det er laurdag, og Dante som eigentleg har fri tar på seg ansvaret for å jobbe for ein som er sjuk, likevel om han i grunn ikkje vil. I løpet av laurdagen skjer det mange rare småting, men det er ingen hovudhandling bak filmen som held den saman. Eg kallar det ein butikkfilm, der butikken er ein av hovudrollene, og limet i filmen.

Dante er ein tapar, noko som speglar seg i alt det uheldige som skjer med han. Det er ganske kjekt å sjå på at noko kjeda seg meir på ein butikk enn det eg gjorde i løpet av mi tre år lange karriere som tilsett i helgane på ein lokal og liten matbutikk.

No ser eg fram til eit gjensyn med gjengen i Clerks II. Har du ikkje sett Clerks, så anbefaler eg han varmt vidare.