
Close Encounters of the Third Kind
Eg kunne ha slakta denne filmen, berre for moro, men det ville ikkje ha vore rettferdig ovanfor dei som vurderer å sjå han eller meg sjølv, dersom eg skulle finne på å lese dette om nokon år.
For det er sånn at Close Encounters of the Third Kind er ein presis midt på treet film. Han har sine plussider, men dessverre også nokon minussider. Tåpeleg lydkommunikasjon med romvesen. Flotte spesialeffektar. Mangel på spenning eller dramatikk når det gjelder. Elles ei fin oppbygging, om enn altfor lang.
Eg vil ikkje påstå eg hatar filmen, men greia var at eg brydde meg lite om kva som skjedde her.
Menneska engasjerer langt meir for Richard Winters på Scopophilia (scopophiliamovieblog.com). I omtalen av regissørversjonen framhevar han særleg det kaotiske familielivet som truverdig, og meiner reaksjonane på besøket er meir interessante enn romvesena. Det er ein forståeleg inngang. For meg er problemet nettopp at eg ikkje blir særleg oppteken av det som skjer, og då får verken oppbygginga eller dei flotte effektane den vekta dei skulle hatt.
