Hopp til hovedinnhold
Plakat for Cloverfield (2008)

Cloverfield

Film
3

Omsider mange år etter utgjeving gjekk eg inn for å sjå Cloverfield, som eg best hugsar frå 2008 med si utprega marknadsføring og berykta rista kameraføring.

Det er ein passe god film. Ein ganske rett fram monster- og katastrofefilm, som lenge spelar på det ukjente. For min del kunne han latt vere å vise så mykje av monsteret som han gjorde, og oppnådd endå meir ved å spele på frykt og kaos. Men det er likevel innanfor.

Eg likar kor enkel og avgrensa handlinga er. Det er lite behov for å trekke inn kva som skjer andre stader enn i handlinga til filmen. Nokon tilbakeblikk og litt kreativitet for å skape eit personleg drama er velkomme, men det blir aldri større enn det.

Dei negative sidene til filmen er den irriterande kameraføringa, og heile greia med funne videomateriale. Allereie i 2008 var dette eit datert verkemiddel. Men ettersom resten av filmen stort sett var fornøyeleg, så kan eg til ei viss grad oversjå det her.

Kameraføringa fungerer langt betre for Stefan S på A Nutshell Review (anutshellreview.blogspot.com). Han meiner at ho plasserer oss midt i kaoset, og at dei avgrensa glimta av skapningen gjer uvissa skremmande. Eg likar også den vesle historia inne i den store katastrofen, men blir meir irritert av måten ho blir filma på. For meg kunne fantasien gjerne ha fått endå meir plass gjennom å vise mindre.