Clue er ein av filmane eg har styrt unna i fleire år, men utan grunn. Og som eg har gjort med andre sånne filmar, så vurderte eg Clue på skikkeleg vis på nytt og bestemte meg for å sjå han.
Det var ei fornuftig avgjersle, for Clue er ein spennande, dialogdriven krimkomedie som på nærast perfekt vis blandar eit klassisk krimmysterium med fysisk humor og parodisk komedie. Eg ser for meg at det kunne ha blitt sånn om Agatha Christie ville skrive ei humoristisk historie.
Filmen er basert på spelet Cluedo, og består i likskap med spelet av eit herskapshus det skjer eit mord i. Karakterane i filmen er dei same som i spelet.
Seks gjester møtes i eit selskap i eit herskapshus, men ingen kjenner kvarandre, verten eller årsaka til at dei er der. Gradvis blir bakgrunnen til karakterane avdekka, og eit mord blir gjort som aukar spenningen. I tillegg til å finne samanhengen dei i mellom og til den ukjente verten, må eit mordmysterium løysast.
Alt er krydra med humor, mest i form av mimikk, fysisk humor, bisarr oppførsel og den parodiske strukturen til mysteriet. Det er akkurat passe drygt til å bli morosamt.
Clue overraska meg mest i at han aldri blei i overkant, og lykkast i å holde både det kriminelle og komiske elementet interessant til siste slutt. Handlinga i filmen går føre seg stort sett i nokon få rom i eit herskapshus, som legg meir av jobben på å skape interesse over på interaksjonen mellom karakterane. Her lykkast også Clue svært godt.
Nesten 30 år seinare held dette seg godt, og eg vil anbefale filmen til den krim- og komedieglade filmsjåaren.