Hopp til hovedinnhold
Plakat for Colette (2018)

Colette

Film
4

Colette er ein engelskspråkleg film om den franske forfattaren Colette. Om hennar ekteskap, arbeid og utgivingane av hennar første verk under namnet til mannen.

Dette er ein god film som ikkje hastar mot dei store poenga og mot slutten. Han tek seg tid til å fortelje om suksessen til bøkene om Claudine, dei tidlege verka til Colette. Me får ei innføring i det levde livet i Paris på slutten av 1800-talet, og følger ukritisk Colette etter kvart som ho blir vaksen og sjølvstendig.

Nokre alvorlege innspel har filmen. Forholdet til mannen er ikkje det sunnaste, men eg tykker i det store og heile at filmen fokuserer meir på hennar styrke her enn å dra oss gjennom drit. Filmen blir aldri ein dyster sak som tyngar, men går gangen mellom realisme og det eventyrlege godt.

Ekteskapet blir òg framheva av Pihla Pekkarinen på UCL Film & TV Society (blog.uclfilm.com). Ho meiner filmen får fram både ømheita og maktmisbruket i forholdet, utan å gjere Willy til ein eintydig skurk. Der møtes me, sjølv om ho elles finn uttrykket nokså ordinært. For meg er nettopp denne balansen noko av det som gjer historia om Colette si frigjering god.