
Colombiana
Eg har sansen for filmar som ikkje prøver å gjere for mykje, men heller gjer det dei prøver på bra. Gjerne på ikkje altfor lang tid, men det kjem heilt an på handling, historie og behandling av desse. Tettpakka action på 90 minuttar, romantiske komediar, romantiske drama, collegekomediar og andre typiske sjangerfilmar og enkle sjangerblandingar står høgt. Den moderne storfilmen som går for å vere inkluderande er ikkje nødvendigvis etter min smak.
Colombiana ligg nær å vere tettpakka action, men har ei litt lengre speletid. Det er ein typisk hemnfilm, der hovudpersonen er leigemordar. Ein av produsentane er Luc Besson, som har lang fartstid innanfor både høgtempo og actionfylt film.
Zoe Saldana spelar ei kvinne som i ung alder opplevde at foreldra blir drepe. Ho sver å ta hemn, og etter eit framhopp i tid er me snart ved vegs ende for målet hennar, då ting byrjar å ta litt av.
Filmen opnar med ein tøff actionsekvens, med skyting, biljakt og greier på gata i Bogota. Deretter går filmen frå action til historiebygging, fram og tilbake, stort sett heilt til vegs ende. Det er lite, men nok snakking og forklaring til at følgande likvidering, herjing og rømming får eit mål og meining. Det meste handlar om at karakteren til Zoe Saldana er ei tøff og smart, men ikkje perfekt kvinne. Filmen er i grunn et fint stykke arbeid, og mangel på noko nytt betyr ingenting når arbeidet er godt.
Men det er ikkje som om filmen skil seg ut som eksemplarisk. Sånn sett ligg filmen nærare tidtrøyte enn å by på innleving. Få filmar klarer å bryte ned veggen mellom publikum og seg, og Colombiana gjer heller ikkje det.
Tommy D på Tommy D Talks Movies (tommydmovies.wordpress.com) opplever også filmen som god action utan særleg djupne. Han meiner Zoe Saldana fungerer som actionhelt, men saknar ei utvikling av personen bak evnene. Det er nær skiljet eg kjenner mellom godt tidsfordriv og sterkare innleving. Scenene har nok retning til å vere underhaldande, sjølv om eg ikkje kjem så tett på at filmen blir noko heilt eige.
