
Como agua para chocolate
Como agua para chocolate er ein meksikansk film. Han blir skildra som magisk realisme. Definisjonen av magisk realisme har eg ikkje studert, og det er nokon år sidan eg studerte film og beit meg merke i den nøyaktige definisjonen av omgrepet realisme.
Men eg har ei viss peiling etter å ha sett Como agua para chocolate. Det handlar om ei ung meksikansk kvinne som er den yngste av tre søsken, og som mora har gitt ordre om at aldri skal gifte seg, men heller ta vare på henne. Gjennom matlaging og effekten maten har på folk klarar likevel den unge kvinna å endre skjebnen sin.
Det er altså realisme det som handlar om den vanskelege situasjonen til kvinna. Filmen blir aldri framstilt som nokon fantastisk og magisk sak, men eigentleg som eit kva som helst anna drama om harde liv, urettferd og livet i gamle dagar.
Magien er først og fremst i dei små episodane som handlar om maten. Her finn også filmen sin plass å spe på med litt komedie, iallfall tolkar eg utfallet såleis. Dette hindrar Como agua para chocolate frå å bli ein gjennomtrengande dyster film. Dette og dei romantiske elementa.
John Llewellyn Probert på House of Mortal Cinema (johnlprobert.blogspot.com) skildrar filmen som eit eventyr for vaksne, der magien er mogleg utan å bli for påtrengande. Han rosar også dei varme fargane og dei vakre bileta. Eg kjenner att korleis desse innslaga lettar på det tunge dramaet. Dei gir filmen noko eige, sjølv om eg ikkje blir så sterkt rørt som eg kunne ha ønskt.
Noko stor oppleving er det ikkje, men filmen har det som skal til for å vere ein grunnsolid film. Det er i min sjangerinteresse og den manglande evna til filmen til å stikke djupt med sin emosjonelle appell som held han sånn passe over midt på treet.
Filmen heiter Like Water for Chocolate på engelsk.
