Hopp til hovedinnhold
Plakat for Con Air (1997)

Con Air

Film
3

Ein soldat vert fengsla for ei drap som skjedde i eit sjølvforsvar. Etter mange år i fengsel vert han prøvelauslaten. Vegen heim skjer med eit fly saman med andre farlege kriminelle. Etter eit opprør på flyet tek dei kriminelle over. Og soldaten vår må finne ein måte å redde situasjonen på.

Filmen har eit høg tempo og overdrivne actionscener. Regissør Simon West sørger for at realisme ikkje er eit krav. Det er mange karakterar, men lett å halde oversikt. Filmen er ikkje spesielt djup, men ser stort sett bra ut. Så han har det gåande for seg.

Den store rollelista er ein del av moroa for Joey Lewandowski på The CageClub Podcast Network (cageclub.me). Han meiner skodespelarane gir dei mange figurane tydeleg personlegdom, sjølv når dei er teikneserieaktige og blir forklarte litt for grundig. Eg synest mange av dei er teite, men er samd i at det er lett å halde oversikt. Filmen gjer raskt klart kven me har med å gjere, slik at han kan halde fram med å pøse på.

Con Air er underhaldande på sin måte. Litt for overdriven. Og ei tynn historie og mange teite karakterar som handlar rart. Men det at filmen alltid pøser på med noko nytt, utan å gjere det utmattande, gjer han sånn passe likandes.

Filmen er ikkje nødvendigvis realistisk. Men det forventa eg då heller ikkje.