Confessions of a Dangerous Mind er ein film om ein suksessrik gameshow-vert som slo gjennom på 1960-talet. Chuck Barris (Sam Rockwell) hadde mange populære seriar, viss første var The Dating Show.
I ettertid har han påstått å ha blitt hyra av CIA som leigemordar mens han held på med tv. Og det er dette filmen tar for seg, dobbeltlivet mellom glamorøs tv og tøft agentliv.
Hiv på romantiske element, krim, mørk komedie og Confessions of a Dangerous Mind endar opp som ein full pakke av ein film. Der folk stort sett briljerer, Sam Rockwell først og fremst, og der historia er godt sveisa saman med mange interessante element og sider. Der det er framdrift, dramatiske høgdepunkt og bølgedalar, og der nesten to timer går unna.
Eit ord eg har med å slenge ut er typisk. At ein film er typisk er at han gjer som forventa, bruker forventa verkemiddel og unngår dei store overraskingane i historia. Filmar flest er typiske, og ordet har sånn sett ikkje stor tyding. Men eg bruker det for å forsterke både positive og negative tankar om ein film.
Denne filmen er litt typisk, men han løyser dei fleste innspela på solid vis, og endar opp som ein godt samansett sak med høg underhaldningsfaktor. På denne måten er Confessions of a Dangerous Mind ein film eg traktar etter. Som rett og slett er godt handverk, der både manus og det visuelle heng med på notane.