Dette blir det første innlegget som omfattar ein kortfilm på Filmdagbok. Kategorien har alltid vore her, men eg har sjeldan sett ein heil kortfilm og tenkt over at det har vore nettopp ein kortfilm.
Det som fanga meg med denne var derimot namnet Jason Reitman, som har hatt Thank You For Smoking på lerretet for ikkje lenge siden.
Også er filmen godt gjennomført, han har gode skodespelarar, er godt teknisk gjennomført og har ei morosam historie som du om ønskeleg kan legge meir i. Kort fortalt handlar han om to unge menneske som skal ha sex, men må ordne med eit skriftleg samtykke før dei gjennomfører akta.