Hopp til hovedinnhold
Plakat for Contagion (2011)

Contagion

Film
4

Contagion er ein interessant film om spreiinga av eit virus. Det byrjar heilt ved byrjinga og held fram til kuren er på plass. Eg vil kalle filmen eit interessant blikk på noko som er ekte, og som kan skje. Det at folk blir desperate og vil gjere mykje for å overleve. Filmen viser også kva som kan skje med familiane til dei som jobbar med å utvikle kurar. I form at dei her blir angripne og kidnappa. Det er eit negativt syn på det verste som kan skje.

Prestasjonen til Matt Damon er blant det beste med filmen. Som far førsker han å beskytte barnet sitt, og gir ikkje opp. Sjølv om ting er på sitt mørkaste, viser karakteren hans gode menneskelege sider.

Jake Kring-Schreifels på Peanuts and Popcorn (peanutsandpopcorn.wordpress.com) trekker fram møtet mellom vitskapeleg undersøking og avgjerder styrte av kjensler. Han meiner filmen viser korleis frykt set forholdet mellom eigeninteresse og fellesskap på prøve. Det utdjupar noko av det eg likar ved faren Matt Damon spelar. Katastrofen får ei menneskeleg side når nokon prøver å verne om dei næraste midt i alt dei ikkje kan kontrollere.

Eg vil anbefale filmen til dei som kan sette pris på ein saktare og meir realitisk variant i sjangeren katastrofefilm. Her er det ikkje nokon actionscener, men dialog og vitskapeleg prat, og kjensleladde scener.