Control - Filmdagbok

Control 2007

Eg har aldri sett på meg sjølv som eit Joy Division-fan, ikkje rart når eg aldri har høyrt særleg mykje av bandet, med andre ord har eg aldri mislikt Joy Division. Eit viktig poeng i samband med filmopplevinga min.

Tidlegare i haust gav eg meg tid til å lytte gjennom deira album og fann i så måte ut at det ikkje var så dum musikk, hadde eg gitt meg endå meir tid ser eg ikkje bort i frå at eg kunne ha blitt godt glad i Joy Division, men det er ei anna sak. Meininga var å få ein idé om kva musikk dette var, før eg skulle sjå Control.

I ettertid ser eg på det som lite viktig å ha eit forhold til Joy Division før du ser Control, sjølv om det er både kjekt å kunne sette ekstra pris på filmmusikken og vere ekstra svolten på privatlivet til Ian Curtis. For Control handlar i all hovudsak om vokalisten som person, utan å gå innpå historia til bandet i detalj. Control skildrar livet hans over ein femårsperiode eller så utan å ty til romantiseringa me så ofte får i musikkbiografiar, eg tenker i hovudsak på Ray og Walk the Line, som begge likevel er strålande filmar.

Control er gjennomført i svart-kvitt, som ikkje kunne ha passa betre. Det går i eit med humøret og legg ein fin dempar på det faktum at Joy Division faktisk gjer det stadig betre som band utover.

Både møte med regissør Anton Corbijn og skodespelar Sam Riley som Ian Curtis var mitt første. Gjerne når eg rører meg innpå nye namn i filmverda er det eg opplever dei største overraskingane, utan forventningar eller tvil i forkant. Samtidig er det så mykje lettare å godta ukjente skodespelarar i rollene sine.

Control blei ekstra god då eg kom inn i rett modus ganske tidleg og slutta å tenke på det som ein film, då eg hadde klart å nullstille meg i forkant. Og det at folk fall på plass ganske fort utan at eg blei sittande å tenke på andre ting. Eg har ein tendens til å la kjente ansikt sette fart på koplinga til andre filmar.

Måten ting aldri blir prøvd forklart kvifor det og det skjer eller korleis Ian Curtis tenker, men overlate til publikum å observere han og heller prøve å trekke slutningar sjølv med god, gammaldags fundering – utan å få stadfeste noko – gjer dette til ei god filmoppleving som kan trekkast fram blant musikkbiografiar. Naturlegvis finst det handling som kan gi ei svært enkel forklaring på saker og ting, men det ligg ein mørkare natur i sinnet til Ian Curtis som får dette til å framstå som ein generelt meir interessant film enn berre ein reise frå undergrunn til popularitet.

Dette var mi fundering rundt filmen, som om det var noko tvil om: Eg synst var god!