Hopp til hovedinnhold
Plakat for Conversations with God (2006)

Conversations with God

Film
4

Første steg for å kunne søkke ned i sofaen til Conversations with God er å legge spørsmålet om den allmektige eksisterer til side. For hovudpersonen Neale gjer han det. Det får me innstille oss på frå starten.

Andre steg er å førebu seg på eit sjangerdrama som tar turen nedom slummen og etter kvart tar seg opp igjen. Ingenting er nytt i samanheng med korleis filmen blir presentert, utan at eg vil påstå det bryr meg.

Neale, protagonisten som etter ei bilulykke får oppleve kor nådelaust det amerikanske systemet kan bli på sitt verste, blir spelt av den, for meg heller ukjente, Henry Czerny skjult bak fullskjegg. Han framstår som ein truverdig tapar, og ikkje minst vinner, og risikerer ikkje å overspele.

Balansen blir også halde oppe på andre område i filmen. Etter å ha sett Will Smith i The Pursuit of Happyness er det fint å få ein film som ikkje blir for sterk i skildringane sine, men som gir både glade og triste sider i passe porsjonar.

Den menneskelege sårbarheita er òg nøkkelen for skribenten på Blogcritics (blogcritics.org). Omtalen synest forteljinga til tider blir tungrodd, men meiner me kjem nær Neale når han prøver å halde fast i det som er att av livet hans. Det gir god meining for meg. Me treng ikkje først avklare kva ein trur om samtalane med Gud for å bli engasjert i eit menneske som prøver å finne fotfeste igjen.

Conversations with God får full pott i dag. Sidan han varte i nærare 1 time og 50 minuttar hadde eg rekna med å få plass til ein kjapp middag midtvegs, noko eg ikkje kom på før filmen var ferdig. Det må jo seiast å vere ein bra film når mat ikkje lengre er viktig.