Hopp til hovedinnhold
Plakat for Cop Out (2010)

Cop Out

Film
3

Å nå opp med ein politikomedie som Cop Out er, med den rollebesetninga Cop Out har, det skal litt til for å få til. Den lyse politimannen, spelt av Bruce Willis, har med seg den lystigare mørke, spelt av Tracy Morgan. Bruce Willis har bevist at han er god purk tidlegare, mens Tracy Morgan er ein ekspert på å irritere.

Kevin Smith står som regissør utan å vere manusforfattar denne gongen, og etter oppturen med Zack and Miri Make a Porno for to år sidan så eg fram til Cop Out før kritikken begynte å hagle inn.

På sitt beste leverer Bruce Willis og Tracy Morgan gode karikaturar av stereotypane dei fyller, men dei unngår å gro fast i desse rollene, samtidig har filmen ein del flotte vriar, samt ein porsjon latterframkallande augneblinkar.

I heilskap er derimot Cop Out lite nytt. Historia er ein lang klisje og det er for lenge mellom dei altfor få verkeleg gode augneblinkane til at Kevin Smith kan seie å ha tilført buddy cop-sjangeren noko nytt. Det er synd å seie det, men både Jersey Girl og denne filmen ligg lågt. Denne er nesten nede på same nivå. Når det gjeld to av fire filmar frå Kevin Smith dei siste seks åra, må han verkeleg bevise seg framover. Dette er litt for midt på treet.

Jake Cole på Not Just Movies (armchairc.blogspot.com) meiner filmen for ofte forklarar sine eigne vitsar og mistar rytmen mellom dei gode augneblinkane. Han er likevel mindre oppteken av å slakte alt enn av kor lite som blir att etterpå. Det liknar problemet eg får med heilskapen. Gode enkeltscener kan gi latter der og då, men dei kjem ikkje tett nok til å halde denne kjende historia oppe.