Å nå opp med ein politikomedie som Cop Out er, med den rollebesetninga Cop Out har, det skal litt til for å få til. Den lyse politimannen, spelt av Bruce Willis, har med seg den lystigare mørke, spelt av Tracy Morgan. Bruce Willis har bevist at han er god purk tidlegare, mens Tracy Morgan er ein ekspert på å irritere.
Kevin Smith står som regissør utan å vere manusforfattar denne gongen, og etter oppturen med Zack and Miri Make a Porno for to år sidan så eg fram til Cop Out før kritikken begynte å hagle inn.
På sitt beste leverer Bruce Willis og Tracy Morgan gode karikaturar av stereotypane dei fyller, men dei unngår å gro fast i desse rollene, samtidig har filmen ein del flotte vriar, samt ein porsjon latterframkallande augneblinkar.
I heilskap er derimot Cop Out lite nytt. Historia er ein lang klisje og det er for lenge mellom dei altfor få verkeleg gode augneblinkane til at Kevin Smith kan sei å ha tilført buddy cop-sjangeren noko nytt. Det er synd å sei, men både Jersey Girl og denne filmen, som er nesten nede på same nivå, som to av fire filmar frå Kevin Smith siste seks årene, så må han verkeleg bevise seg i framtida. Dette er litt for midt på treet.