Hopp til hovedinnhold
Plakat for Copycat (1995)

Copycat

Film
3

Psykologisk thriller i kinofilmformat med attentat eller seriemordarar er så veldig typisk 1990-tals for meg. Og Copycat er ei enkel tilnærming til sistnemnde som tema.

Filmen har både sin eigen seriemordar, men også sterke band til historikk om tidlegare mordarar. Derav tittelen Copycat.

Sigourney Weaver spelar ekspert på området, og har tiltrukke seg merksemd nok til å bli eit utsatt mål. Holly Hunter dukkar opp som mordetterforskar som skal finne og fange ein aktiv mordar i San Francisco.

Copycat følger boka og gjer i grunn det meste som forventa, men på ein bra og engasjerande måte. Iallfall når det kjem til presentasjonen av rollane til dei nemnte skodespelarane. Når det gjeld seriemordaren så er dette litt tynt og teit, mens eg kunne ønske meg endå meir mystikk og smart.

Karakterane kan vere viktigare enn mordgåta. Roger Ebert på RogerEbert.com (rogerebert.com) meiner at forholdet mellom dei to kvinnene er filmen sitt sentrum, og trekker særleg fram Holly Hunter si samansette politirolle. Han ser også at spenninga følger velkjende spor, men synest karakterane gjer filmen effektiv. Eg er meir lunken til heilskapen, men kjenner att kor mykje hovudrollene løftar det elles ganske typiske opplegget.